29. mai 2009

Meir blomster


Gøy å hekle småting som går fort!


Men kva skal dei egentlig brukast til?
Eg er liksom ikkje typen til å pynte opp antrekket med ein artig liten blomst i freske fargar.
Mens eg lurer, heklar eg fleire.

26. mai 2009

Ein fin liten blome

Frk. Badegakk har lagt ut mønster på ei hekla blomsternål i bloggen sin, og her er mi utgåve. Eg hadde ein rest av Regia Silk etter prinseteppet eg strikka for nokre år sidan, og blei minna på for eit fantastisk garn det er. Så no har eg bestilt nokre nøste til i beige og brunt, som skal bli eit mjukt teppe.
Blomst nummer to er i farta, i babyrosa Lanett.

13. april 2009

Kjerringa med strømmen

Jepp, det er meg. Etter at Liselotte la ut oppskrift på nåleputer i verdens beste handarbeidsblogg, tok det to minutt før alle skulle lage dei. Og det skulle eg også. Det må vere den kjipaste gåva å få (muligens slått av negleklippar, som eg fekk til jul eit år), men det får vere det samme, for den er gøy å lage. Eg innrømmer no at eg handla bittelitt ekstra bomullsgarn til sekskantane i bloggposten under, og eg innrømmer like gjerne at eg angrar. Men eg måtte, for det var berre blasse fargar, og det var heilt avgjerande med litt raudt og turkis. Og blått. Og rosa. Men så slo sjølvinnsikta innover meg mykje fortare enn eg er vant til, og eg såg at det blir aldri kult med gulltråd som gjennomgangstema. Aldri. Eg blir berre aldri kvitt den gulltråden, så sånn er det.


Dermed hadde eg eit lass med Mandarin Petit til overs. Så då blei det gryteklutar også. Likte dei ganske godt sjølv om dei er i Ten Sing-fargar, og trur dei kan passe på det kvite kjøkkenet i den nye leiligheita.

Lilly ville også ha slike til dukkekomfyren sin, så då må ho vel få det, da. Det er ikkje som om eg manglar garn, akkurat.


Posted by Picasa

12. mars 2009

"Resteprosjekt"

Det var visst ganske gøy å lage slike... Bestemte meg fort for å ikkje lage berre lilla lappar, det blei litt for adventsløperaktig. Eg har prøvd meg på såkalla restegarnsprosjekt mange gonger, men alltid enda opp med meir garn enn eg hadde då eg begynte. Men no har eg altså ti gullnøste, og ganske mange nøste med Mandarin Petit frå eit salg. Skal eg endelig klare å kvitte meg med restane uten å kjøpe nytt? Vent og sjå. (Har gitt meg sjølv dispensasjon til å kjøpe eit raudt og eit rosa nøste. Ja, og kanskje eit mørkeblått.) Håpet er at mange grelle fargar i lag blir veldig kult.

11. mars 2009

Heksagon

Eg er ei gulljente, og for nokre år sidan kjøpte eg ca 10 nøster gullfarga bomullstråd uten heilt å ha ein plan med det. Gull er fint, men kanskje ikkje på garn, så det har blitt liggande. Men no har eg funne eit lite prosjekt der det kanskje kan passe inn. Desse lappane er ein fin avveksling fra bestemorsrutene, som eg ærlig talt er litt lei av no, og med tid og stunder blir det kanskje eit teppe.

3. mars 2009

Bestillingsverk


Lilly fekk eit akutt behov for mørkerosa svetteband her ein dag, så på 20 minutt eller deromkring hekla eg desse. 30 luftmaskar med PT5 på heklekrok nr. 3, fastmaskar i bakerste ledd for å få stripene - ferdig. Pynte litt med kontrastfarge - heilt ferdig.

Denne, derimot!


Sjølv om Thermis var ein flopp, liker eg konseptet med hals. Ein hals er mykje meir lettvint enn eit skjerf, spør du meg, og går fortare å lage. Alle mulige mønster kan bli til ein hals, det er berre å strikke rundt og rundt i eit par episodar av ein eller annan TV3-serie, og voilà! Ferdig.


Denne halsen fann eg oppskrift på på Ravelry, sånn omtrent her. Den gikk kjempefort å strikke, og mønsteret er lett å komme inn i. I alle fall for meg som har eit halvt sjal i samme mønster liggande. Det må eg forresten gjere ferdig. Snart.



Eg hadde eit nøste Kid Classic liggande, så det brukte eg. Det klør litt, men det gir berre koselige flashback til då ein var lita og all ull klødde.